Prøve motocross?

Prøve motocross?

Publisert av Aud Inger Sviggum den 03.03.21. Oppdatert 09.05.23.

Har du - eller din håpefulle - lyst til å prøve Motocross?

På motocrossbana på Kaupanger er dette fullt mogeleg. Me har syklar og utstyr til utlån 3-4 ganger. Slik kan du finne ut om dette er noko du vil satse på før eventuelt innkjøp av utstyr/sykkel.

Det er kun lov å køyre motocross i Noreg på godkjende baner.
Du må vere medlem i ein klubb, og ha lisens (inkluderer forsikring). 

På denne sida kan du sjå kva du må gjere for å komme i gang.