Mellom Sogndal og Kaupanger ligg Motocrossbana til Sogn Motorsportklubb.

I sesongen er det trening på tysdagar og torsdagar frå 1700 - 1900 og laurdagar frå 1200 - 1500.

Det er kun tillatt å køyre på bana i desse tidene. Det må også vere ein godkjent sikkerhetsleiar tilstade, som har ansvaret for treninga.
Avvikande treningstider vil bli annonsert på facebook-sida til klubben.
Utøverane blir delt inn i 2-3 gruppe, alt avhengig av ferdigheiter og størrelse på sykkel osv.

Me har også ein liten barnebane der dei heilt yngste kan prøve seg. Les meir om å prøve motocross her.