"Alle som skal utøve aktivitet innan Norges Motorsportforbund må ha lisens.  Lisensen inneheld ei personforsikring og er bevis på at du har nødvendig kompetanse i aktuell grein."


NB. Rutinen under gjeld utøvarlisens.
Viss du ikkje har prøvd motocross før, bør du gå for "Kom og prøv lisens - NMF".
Les meir om den her

Kven må ta lisenskursa og vera på treningar?

  • Tilogmed året utøvaren fyller15 år, må ein ansvarleg/føresett vere med på trening,
    Den ansvarlege må ha gjennomført e-læringskursa i pkt 3 under.
  • Ein ansvarleg/føresett kan maksimalt ha ansvar på trening for to utøvarar som er under 16 år.
  • Frå året utøvar fyller 13 år, må utøvaren sjølv også ta e-læringskursa.


Saman med StyreWeb jobbar me for å forenkle rutinen, men foreløpig må rutinen under fylgjast:

1. Brukar i "Min idrett" må opprettast (viss du allereie er medlem i eit idrettslag, har du dette frå før).

  • Kurs og lisensbetaling utførast gjennom bruk av IdrettensID/Min idrett. (Les her om oppretting av brukar).
  • Ansvarleg/førsett for utøvarar under 16 år må ha eigen brukar, i tillegg til utøvaren. 

2. Må vera medlem av ein klubb tilhøyrande Norges Motorsportforbund.

  • Medlemskap i Sogn Motorsportklubb kan ordnast her: Bli medlem. (Medlemskapet må vera betalt før lisens kan bli teken ut).
  • Utøvaren må ogso søke om medlemsskap i klubben i "Min idrett": "Sogn Motorsportklubb" -> "Motocross"
  • Ansvarleg/foresett for utøvar under 16 år må ogso vera medlem av ein klubb tilhøyrande Norges Motorsportforbund.

3. Må ta fylgjande e-læringskurs:

NMF Grunnkurs lisens 2021-2023
NMF Motocross - teori for kjørelisens  

  • Ansvarleg/føresett må ta desse kursa til og med det året utøvar fyller 15 år. (Kurset må vere tatt på ansvarleg/føresett sin MinIdrett-profil)
  • Utøvar må ogso ta dette sjølv frå året han/ho fyller 13 år (Kurset må då vere teke på utøvaren sin MinIdrett-profil)

4. Søknadsskjema må fyllast ut og sendast til Norges Motorsportforbund

  • Skjemaet finnst her. Sjå her for enkel forklaring.
  • Skjemaet må fyllast ut av utøvar/ansvarleg. Greininstruktør, aktivitetsleiar eller sikkerhetsleiar i klubben må skriva under på at utøvaren har dei ferdigheitene som er nødvendige. (ta direkte kontakt med personen de har hatt kontakt med under ein eventuell prøveperiode, eller send ein forespørsel til sognmotorsportklubb@gmail.com)
  • Utøvar/ansvarleg sender inn søknaden sjølv, som oppgitt i skjemaet.

5. Lisensen må betalast

  • Når lisenssøknaden er godkjent, er den synleg inne på MinIdrett og kan betalast. (Les her korleis).

6. Braap